Sunnfjord kunstlag

Eit fruktbart hopehav – Førdehuset og Sunnfjord Kunstlag gjennom 50 år

17. oktober – 1. november, 2026

Ei jubileumsutstilling som løfter fram 50 år med kunsthistorie gjennom det unike samarbeidet mellom Førdehuset og Sunnfjord Kunstlag. Gjennom eit utval verk frå kunstlaget si samling får publikum oppleve utviklinga frå landskapskunst og modernisme til samtidskunst.

Opning laurdag 17. oktober kl. 13.00

Kunstkritikar Trond Borgen held foredraget «MEN ER DET KUNST? – ei vandring i kunsthistoria og samtidskunsten», der han utforskar korleis kunstomgrepet har utvikla seg frå mellomalderen til vår eiga tid.

Opningstider

  • Laurdag: kl. 13–16
  • Søndag: kl. 14–18
  • Tysdag og torsdag: kl. 18–20
  • Måndag, onsdag og fredag: Stengt

Velkomen til ei spanande reise gjennom kunst, historie og samtid!