MEDLEMSBREV MED INNBYDING TIL OPNING AV JUBILEUMSUTSTILLING 19.OKTOBER OG TIL MINISEMINAR 22.OKTOBER
(meir følgjer seinare!)
Kjære medlem i Sunnfjord Kunstlag !
Om ei veke frå i dag, sundag 19.oktober, går startskotet for feiringa av at Sunnfjord Kunstlag rundar heile 50 år.
Det skal skje ved at vi klokka 1700 opnar stor utstilling i Førdehuset, med framsyning av kunstsamlinga laget har opparbeidd gjennom desse åra.
Opninga vert i seg sjølv noko utanom det vanlege, vi kan vel nesten love det som ei slags Happening, med mange deltakarar, der både visuelle og musikalske uttrykk vert å prege det heile.
Og så - ikkje minst - skal Jubileumsboka "Kunst må opplevast - Sunnfjord Kunstlag 50 år", som ligg føre rykande fersk til opningsdagen, lanserast.
Jacob Nødseth, utvalsleiar for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune, skal stå for den formelle opninga.
Utstillinga vert så stor at både Fest- og Utstillingssalen vert tekne i bruk.
Opningstilstellinga vert lagt til Festsalen
Vi syner elles til den vedlagde utstillingsplakaten.
VI ØNSKJER VELKOMEN - OG REKNAR MED "STINN BRAKKE" I FESTSALEN 19.OKTOBER KL 1700!
Jubileumsboka vert lagt ut for sal, og dei som har førehandstinga kan hente sitt/sine eksemplar.
**
SÅ
etter å ha pusta litt på
Inviterer vi til MINISEMINAR Onsdag 22.oktober kl. 1800 i Festsalen.
Vi hentar inn Dag Solhjell, kjent kunstkritikar, formidlar og forfattar, med bøker som t.d. "Dette er kunst" og "Staten mot kunstneren" (om staten si skattesak mot Odd Nerdrum),
til å kåsere ein liten halvtime om den siste boka si
"Publikum og kunsten. Kunstforeningenes historie i Norge siden 1836."
Som oppfølgjing av kåseriet vil Solhjell lose oss gjennom ein panelsamtale, der deltakarane vil representere
Sunnfjord Kunstlag, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane og Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane
Aktuelle tema for panelsamtalen, kan t.d. vere:
- Tilhøvet mellom frivilligheit og profesjonalisering i kunstlaget. Er frivilligheit og profesjonalitet foreinelege eigenskapar?
- Er kunstmuseet, kunstnarsenteret og kunstnarorganisasjonane sine forventningar foreinelege med at kunstlaget er kunstnarisk styrt av medlemsvalde organ?
- Kan kunstlaget innfri dei profesjonelle samarbeidspartane sine forventningar?
- Korleis bør kunstlaget balansere mellom ei lokal, regional og nasjonal orientering i utstillingspolitikken sin?
- Korleis bør kunstlaget orientere seg i høve til kunstmuseet og kunstnarsenteret?
- Kva slags utfordringar medfører den kontemporære kunsten for kunstlaget, med omsyn til tekniske krav og med tanke på formidling til medlemer og publikum?
- Kunstlaget har salsprovisjon som inntektskjelde. Kor mykje skal "salgbarheit" bety i utstillingspolitikken?
På eit vis kan dette opplegget seiast å vere eit seminar der vi drøftar Sunnfjord Kunstlag si framtid.
Og - publikum i salen vil sjølvsagt verte inviterte til å kome med innspel og synspunkt.
Med innlagd pause reknar vi med 2 - 2,5 timar til saman.
Vi vonar på stor oppslutnad også om denne tilskipinga!
Både vår eiga Jubileumsbok "Kunst må opplevast...."og Dag Solhjell si "Publikum og kunsten........." vert å få kjøpt
Meir kjem etter kvart:
Om konsert(ar?)
Om omvisning(ar?)
Om Bokbad
OG om ÅREMÅLSFEST (Bursdagsfest for den som finn åremålet for arkaisk), som vi planlegg til 31.oktober - sjølvaste skipingsdagen i 1975
Følg også med på kunstlaget si Facebook-side!
Vi held det heile varmt med SMS-påminningar.
Heilt til slutt nemner vi at Medlemsutstillinga i år skal opne 22.november. Alle som har betalt medlemspengar for 2025 vil vere velkomen til å delta med arbeid. Meir om dette seinare.
Med jubileumshelsing frå styret i Sunnfjord Kunstlag
SUNNFJORD KUNSTLAG 50 ÅR !
Jubileumsfeiring og opning av jubileumsutstilling
Søndag 19. oktober kl. 17.00, Førdehuset
Program:
Opningstale ved Jacob Nødseth, utvalsleiar for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune
Helsing frå Sunnfjord kommune ved Jenny Følling
Lansering av jubileumsboka «Kunst må opplevast» – ved Ivar Svensøy
Musikkinnslag ved Asbjørn Vie
Lydar og ulydar... ved førdefolk og Førde Folkeakademi
Utstillinga står: 19. oktober – 2. november 2025
Planane/aktivitetane vert elles annonserte fortløpande på Facebooksida vår.
Opningstider:
Tys–fre: 18–20, Laur: 13–16, Sund: 14–18, Mån: stengt
Opplev historia, menneska og uttrykka som har forma Sunnfjord Kunstlag gjennom 50 år.