Yomeddine

YOMEDDINE  -  Årets festivalfilm!

Yomeddine, som betyr dommedag på arabisk, er A. B. Shawky sin regidebut, og hadde premiere under filmfestivalen i Cannes i fjor. Sjølv om filmen viser dei tunge sidene av livet i Egypt, har den òg fleire morosame scener som gjer den svært hjarteleg. Har du lyst til å sjå ein karakterdriven road-movie som oser av varme er dette garantert filmen for deg!

 

Beshay vart i ung alder plassert av faren i ein koloni for spedalske, i håp om at det skulle gje han eit betre liv. Når kona til Beshay døyr, bestemmer han seg for å reise attende til fødestaden Qena utanfor Luxor. Den foreldrelause venen Obama hiv seg med. Saman legg det merkelege paret ut på ei jakt etter fortida og draumen om ei betre framtid. Men reisa og møtet med verda utanfor kolonien vert ikkje heilt som dei hadde tenkt seg.

 

 

07 - YD Cw6S9e9k.png
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 21 sep 17:30 Yomeddine 110 LISJESALEN 6 år Film Kjøp billett

Yomeddine

lau 21 sep17:30110

Kjøp billett