06 - P - Woman.jpg

Woman

Filmen vann publikumsprisen under Bergen Internasjonale Filmfestival

«Overveldende, men vakker» (Inger Bentzrud, Dagbladet)
"en vakker, variert og opprørende oppsummering av kvinners liv i dag" (Britt Sørensen, Bergens Tidende)
««Woman» er en fornøyelig, vond, fin og vanskelig film der kvinner rett og slett bare får snakke om hvem de er, hvordan de har det, hva de tenker på og hva de er opptatt av.» (Leif Tore Lindø, Stavanger Aftenblad)

 

Kva vil det seie å vere kvinne? For å finne svar har Arthus-Bertrand og medregissøren hans, Anastasia Mikova, reist verda rundt og gjort to tusen intervju med kvinner frå femti ulike land, med vidt ulike livserfaringar, livssyn og sosioøkonomiske føresetnadar. Snarare enn å prøve å finne fram til eit fasitsvar, lar filmen ganske enkelt kvinnene snakke.
Etter kvart som vi høyrer unge og gamle kvinner uttale seg om draumane, redslene og lidenskapane sine – om jobb, kjærleik, barn, familie, kropp, identitet og sjølvrealisering – byrjar det å kome til syne visse interessante mønster. WOMAN er likevel meir enn berre ein serie fascinerande vitnesbyrd, den er ei solidaritetserklæring, og ei passeleg påminning om at den beste måten å kjempe mot diskriminering, undertrykking og stereotypar på, er å la kvinner sjølv kome til orde – og lytte til kva dei har å seie.