DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 02 des 16:15 Vær her 120 LISJESALEN (Alle) Ungdom/Vaksne Film Kjøp billett

Vær her

to 02 des16:15120

Kjøp billett

Vær her

 

Tre møter med demens. Jan, Mimmi og Sigvald har ulike typar demens—eller Alzheimer sjukdom. Korleis påverkar det livet deira og søken etter ord, minner, gjenstandar , og korleis påverkar det deira næraste?
Demens er ein av folkesjukdomane i vår tid.

«Vær her» er ein varm dokumentarfilm om det vanskelege emnet, der vi møter tre personar med ulike former for demens; Jan, Mimi og Sigvald. Livet deira er prega av leiting etter ord, minner og gjenstandar. Vi ser at dei gradvis mistar bitar av seg sjølv. Kvardagen er krevjande, men omsorg og musikk kan hjelpe – og òg berre det å vere saman med andre menneske.
Det kan vere eit sårt tema, men regissør Ragnhild Nøst Bergem har gjort det til ein respektfull og kunnskapsrik film, som òg viser oss at gleda over livet ikkje forsvinn sjølv om minnet gjer det

11 - P - Vær her.jpg