Toy Story 4 - 2D m/norske stemmer

Woody har alltid vore trygg på sin plass i verda og oppgåvene sine – å ta vare på barnet sitt, om det så er Andy eller Bonnie. So når Bonnie sin nye heimelag leike, Gaffen, erklærer seg sjølv som søppel og ingen leike, tek Woody på seg å vise Gaffen kvifor han burde omfamne det å vere ei leike.

Når Bonnie tek med seg heile gjengen på familien sin campingtur, endar Woody opp på ein omveg som inkluderer gjensyn med den gamle venninna Bo Peep. Bak Bo sitt skjøre ytre av porselen skjuler det seg ei eventyrlysten jente som er van med å klare seg sjølv. Woody og Bo innser at dei no lever veldig ulike liv som leikar, men forstår at snart er det større utfordringar som ventar.

 

09 - P - Toy Story 4.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
sø 15 sep 17:30 Toy Story 4 - 2D m/norske stemmer 90/100 STORSALEN 6 år Film Kjøp billett
on 18 sep 18:00 Toy Story 4 - 2D m/norske stemmer 90/100 STORSALEN 6 år Film Kjøp billett