plakat hustle.jpg

The Hustle

Svindlere med stil får noko å bryne seg på! 

Josephine Chesterfield er ei glamorøs og forførande kvinne busett i ein overdådig heim på den franske rivieraen. Ho har ei spesiell interesse for rike menn frå alle verdshjørner. Inn i denne velorganiserte verda plumpar Penny Rust, som er Josephine sin rake motsetnad på alle frontar. Der Penny hovar inn pengar ved å lure ofra sine inn i lugubre barar, fyllar Josephine safen med enorme diamantar som ho svindlar til seg i glamorøse casino.
Trass i ulike metodar, handterer dei begge kunsten ved å svindle menn med stil, og når ein uskuldig tech-grunder - med stor formue - kjem på bana, slår dei seg saman for å sikre sin del av rikdomen…