08 - P - Late Night.jpg

Late Night

LATE NIGHT er ei sjarmerande og tøff komedie som osar av klasse og kvalitet, om kvinner som må kjempe for plassen sin i humorverda - med Emma Thompson og Mindy Kaling i hovudrollene.

Kathrine (Emma Thompson) er ein talkshow-vert med bein i nasen og ein forfattarstab med berre menn. Ein dag får ho beskjed om at ho ikkje lenger får halde fram som vert, og innser at ho blir nøydd til å fornye seg for å behalde jobben. Verda hennar blir snudd på hovudet i det ho tilset sin aller fyrste kvinnelege tekstforfattar, Molly (Mindy Kaling). Det som i utgangspunktet berre var ei tilsetjing for å roe bekymringar rundt mangfald og inkludering, syner seg å bringe med seg uante og hysteriske konsekvensar. Katherine og Molly som kjem frå to heilt ulike generasjonar og kulturar finn saman gjennom kjærleiken for ein saftig og frekk punchline...