11 - P - Frida_FINAL_ONE_SHEET_REPRO.jpg

Frida Kahlo

Dokumentaren om Frida Kahlo tek oss med på ei reise gjennom livet til eit av dei første og mest populære kvinnelege ikon. Kahlo brukte lerretet som ein spegel og portretterte seg sjølv gjennom eit turbulent og tidvis tragisk liv. Gjennom intervju og Kahlo sine eigne ord blir vi betre kjent med kunstnaren og innser at livet hennar var så mykje meir enn berre tragediar.
Dokumentaren tek oss med på store utstillingar og byr på samtalar med kjende Kahlo-ekspertar

Vi trur kanskje at vi alt kjenner Frida Kahlo – blomsterkroner, definerte augnebryn og nasjonale klede er noko vi alle knyter til ho, men kva ligg under overflata hjå denne utruleg lidenskaplege kvinna?

OBS - filmane har berre engelsk tale - engelske undertekstar dersom språket er noko anna enn engelsk