DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
må 17 mai 16:00 Førdefilmen – Frå Sjøahola til Sjukehuset 100 STORSALEN Film Kjøp billett
må 17 mai 18:00 Førdefilmen – Frå Sjøahola til Sjukehuset 100 STORSALEN Film Kjøp billett

Førdefilmen – Frå Sjøahola til Sjukehuset

Førdefilmen – «Frå Sjøahola til Sjukehuset» - tufta på ei sann soge. 

På oppfordring frå 17. mai -komiteen  vert det framsyningar på Kino Førde 17. mai kl. 16.00 og kl. 18.00
Førdefilmen gjekk sigersgang med fulle hus på kino for nokre år sidan. Sidan vart filmen justere opp med litt fleire gamle bilde, og med små snuttar frå ein utsøkt video frå 1980-talet. Historia er naturlegvis den same. Ein kjærleiksfilm til Førde levert på breitt lerret i 90 minutt.


Førde si historie vert fortalt på ein humoristisk og underhaldande måte – som ein «dokumentar» i vidaste forstand - ei lødig filmforteljing. Om Førdehuset, kyrkja og embetsmannsgardane. Om kunsten, Laksen og Torsheimen. Om hotella og handelen. Om Jølstra, jektefarten og dampskipa. Om regionsentret med flyplass under kranene på skipsverftet. Om Bystien, Langebrua og postvegen. Om lyskrysset, sykkelbyen og Sjukehuset med stor S. Om vandrehistoriene som er altfor gode til at vi torer å sjekke fakta. Kort sagt: Om det som gjer Førde til Førde.

"Vi vil gi folk ein humoristisk dokumentasjon på Førde si historie gjennom 400 år. Vi vil styrke identitet og lokalkjensle. Vi vil blankpusse sjela til denne litt rare plassen som vi er så glade i. Førde!

Vi lagar ein film til glede og nytte for stadeigne Førdefolk, for dei mange tilflyttarane og for alle som vitjar Førde i arbeid, handel og fest".

«Greitt, så er Førde min heim. Og kanskje er eg litt glad i plassen. Men ikkje stolt. Før no.»
- Ivar Bruvik Sætre – (25 år) - filmmeldar i Firda

 

Førdefilmen.png