08 - P - Fisherman`s Friend.jpg

Fisherman’s Friends

Eit lunt, humoristisk drama av beste engelske merke.

Dette er ei historie basert på faktiske hendingar om shanty-koret som gjekk frå å opptre på brygga i idylliske Port Isaac i Cornwall til utselde konsertar og ein gullkanta platekontrakt. Koret, som kallar seg Fisherman's Friends, syng tradisjonelle sjømannsviser når dei ikkje fiskar eller reddar skipbrotne.

Filmen fortel korleis Danny (Daniel Mays), som jobbar på eit plateselskap, tilfeldig høyrer dei synge og bestemmer seg for at han vil gi dei ut plate. Men det skal vise seg at å signere ti røffe fiskarar er lettare sagt enn gjort. Danny må bli i landsbyen ei god stund og blir samstundes introdusert til noko nytt: Det hyggjelege livet i ein søvnig fiskarlandsby og nye kjennskap, som den sjarmerande Alwyn (Tuppence Middleton) og den sta faren hennar, Jim (James Purefoy).