02 - P - Amundsen.jpg

Amundsen

Dette er historia om den største polfararen gjennom tidene, men òg historia om ein fascinerande privatperson.
Om naudsynt laug han og sveik sine næraste for å oppnå det han ville. Som ein konsekvens lukkast han profesjonelt, men betalte ein høg pris som menneske. Roald Amundsen sin største støttespelar i meir enn tjue år var broren Leon, men han kom alltid i skuggen av Roald. Når Roald gjekk for langt var det broren som fekk rekninga. Likevel blei Leon nullet i Roald sin sjølvbiografi og døydde utan heider. I filmen om Roald vil òg Leon si historie bli fortalt og sett i kontekst.