Vinnarar av VINTERLES-BINGO!

Vi erklærer hermed vinteren for over - og har i dag hatt trekning av lesekonkurransen VINTERLES-BINGO!
Det er svært hyggeleg å kunne gratulere dei tre vinnarane så mykje med flotte premiar:

 

1. premie: Saueskinnsfell - Ingrid Søyland
2. premie: Korg med mykje godt oppi - Eva Rendedal
3. premie: Bokgåve - Tamara Nøtseth

Vinnarane vert kontakta over helga!

 

Vinterles-bingo har vore eit felles prosjekt for alle biblioteka i Sunnfjord kommune; Sande, Viksdalen, Naustdal, Vassenden, Skei og Førde. Lånarane i storkommunen vår har lese mykje og særdeles variert litteratur gjennom vinteren, noko som er intensjonen med konkurransen. Vi takkar for stor entusiasme og håpar de vert med neste vinter også!