Utlån av langrennski!

Manglar ungane langrennsski eller har vakse ut av skiskoa? Det er ein typisk vestlandsvinter - snø og regn om kvarandre, men kanskje er langrennsløypene på Langeland ferdig preparerte? Du kan låne langrennski her på  biblioteket. Vi har nemleg langrennsski, skisko og skistavar til utlån for barn/ungdom. Vi har ski i lengder frå 110 cm til 170 cm. Merket er Fischer smørefrie langrennsski. Stavane er frå 80 cm til 130 cm lange. Skiskoa er i str. 32 til 42. (Dei er litt små i storleiken.) Desse kan du låne inntil 1 veke om gangen. Ta med lånekort!