Strikk & lytt

Likar du å strikke? Biblioteket held fram med Strikk & lytt hausten 2019. Vi riggar oss til med småbord og stolar inne i biblioteket. Jorun les frå ulike bøker og har ulike tema kvar gong. Du kan kjøpe med kaffi/te eller noko å bite i frå kafeen. Mange har med seg strikk eller anna handarbeid, men du kan også berre sitje å lytte. Frå kl. 19.00 - 20.30.

 

  1. Måndag 23. september
    Måndag 28. oktober
    Måndag 25. november

Velkomen!