Skriv ei bokmelding - konkurranse!

Til deg som går i 1. – 7. klasse: Skriv ei bokmelding!
Er det ei bok du likar spesielt godt og som du vil anbefale for andre?
Det kan gjerne vere ei bok som er på nynorsk, men den kan også vere på bokmål. Lever bokmeldinga på Førde bibliotek innan laurdag 21. september kl. 12.00!

Du vert då med i trekning av flott gåvekort på Power i Førde og 2 bokpremiar. Trekninga skjer under Nynorsk barnebokfest på biblioteket, same dag! Bokmeldingane vert stilt ut på biblioteket!

Skjema får du på biblioteket, men du kan også skrive på eit heilt vanleg ark og levere til oss! (alle skulane har også fått tilsendt skjema).