Nynorsk barnebokfest 2019

Laurdag 21. september, kl. 11 - 15, er det igjen klart for Nynorsk barnebokfest! Vi fyller Førdehuset med høgtlesing, verkstader, skodespel og spennande forfattarar! Ein fest for heile familien med fine forteljingar i kvar krik og krok!

 

Førebels program:

Geitejazz med Sogn og Fjordane Teater og Førde kulturskule. Dei vil invitere dei minste til å vere med på å lage ein jazza versjon av eventyret «Ulven og dei sju geitekillingane».

 

Forfattarbesøk av Anja Dahle Øverby.
Ho har skrive bøkene Lykketanna og Hundedagar.

Meir program kjem :)