Ny heimeside!

Biblioteka i Sunnfjord kommune har fått eiga felles ny heimeside! Den nye adressa er sunnfjordbibliotek.no.

 

Vi har jobba mykje med denne nye heimesida, og tenkt på ho endå lenger!
Etter kommunesamanslåing, der 6 bibliotek no er samla til eitt bibliotek, er vi stolte over å presentere vår felles, nye heimeside. Her finn du kontaktinfo til alle tilsette og alt det vi har å tilby i biblioteket på Viksdalen, Vassenden, Skei, Sande, Naustdal og Førde.

 

 

På den nye sida ligger all informasjon du treng om lån og lånekort, nyttig informasjon om formidling og lenker til digitale tenester. Mi side fungerer som normalt og tek deg rett over til di eiga side i biblioteksystemet Bibliofil. I tillegg har sida bokmeldingar om nye bøker på nynorsk som vert oppdatert både for barn og vaksne. Dette skal være ei side for nyhende, tenester og formidling og vi håpar sida vil være lett å bruke og god å navigere i.

Vi gleder oss til å ta den i bruk og håpar at du er nøgd med den nye sida vår!


Velkommen!