Lånereglar

 

1.    Lånerett

Alle har rett til å låne bøker og anna materiale gratis frå biblioteket.

 

2.    Lånekort

Alle som ønskjer å låne frå biblioteket må ha eit gyldig lånekort. For å få eit nasjonalt lånekort, som kan nyttast i dei fleste norske bibliotek, må lånar oppgje legitimasjon og fødselsnummer/DUF-nummer ved registrering. Barn mellom 0-14 år treng  ikkje legitimasjon, men må ha underskrift frå føresette for å få lånekort. Lånarar som ikkje har fødselsnummer/DUF-nummer tilgjengeleg eller som ikkje ønskjer å oppgje det ved registrering, kan få eit lokalt lånekort som er gyldig på alle folkebibliotek i Sunnfjord kommune.

Skular, barnehagar og andre institusjonar som vert registrert på institusjonen sitt namn og ansvarsperson, får òg lokale lånekort. Lånekort er gratis, men tapte kort må erstattast etter gjeldande satsar.

Lånekortet skal alltid takast med ved lån.

 

3.    Reservering og fjernlån

Lånar kan reservere materiale som er utlånt, og vert då sett på venteliste. Bøker som ikkje finst i biblioteket si samling, kan som regel bli lånt frå eit anna bibliotek (fjernlån). For slike lån gjeld eigarbiblioteket sine reglar og satsar for erstatning.

 

  1. 4.   Lån i meirope bibliotek

Sande bibliotek er meirope, dette betyr at ein kan nytte biblioteket i ubetjent opningstid. Dette er eit tilbod til alle over 15 år. For å få tilgang til meirope må ein oppgradere lånekortet til eit nøkkelkort, og signere eiga kontrakt som gjeld meirope. Dette gjer ein ved personlig oppmøte på Sande bibliotek i betjent opningstid.

 

5.    Lånetid

Vanleg utlånstid følgjer av tabellen. Biblioteket kan fastsette ei særskild lånetid for einskilde bøker eller anna materiale.

Bøker og lydbøker

4 veker

Tidsskrift

4 veker

Filmar

1 veke

Konsollspel og musikk (cd)

4 veker

Språkkurs
Ski og anna utstyr

8 veker

1 veke 

Fjernlån

Eigarbiblioteket sine fristar

 

 

6.    Fornying av lån

Materiale som er på venteliste kan ikkje fornyast. Elles gjeld følgjande reglar:

Bøker og lydbøker

Maks. 3 fornyingar – 4 veker per gang

Tidsskrift

3 fornying – 4 veker

Filmar

3 fornying – 1 veke

Konsollspel og musikk (cd)

3 fornying – 4 veker

Språkkurs

3 fornying – 4 veker

Fjernlån

Må avklarast med eigarbiblioteket


Ta kontakt på telefon eller e-post, eller logg inn på biblioteket si nettside for å fornye lån. Logg inn med appen «Bibliofil» og forny det lånte materialet. Du kan og fornye lån med SMS om du har nasjonalt lånekort. Send en SMS med teksten: bib forny og nummeret frå lånekortet til 2242. Til dømes.: bib forny N009999999.

 

7.    Ansvar

Lånaren er ansvarleg for materiale lånt på eige lånekort. Føresette er ansvarleg for barn sine lån. Lånaren kan logge inn og finne oversikt over lånt materiale på biblioteket si nettside/app. Tapt eller skada materiale må erstattast etter gjeldande satsar. For lån av filmar eller dataspel følgjer biblioteket aldersgrensene gjeve på materialet. Lånt materiale er til privat bruk, og bruk/avspeling skjer på eige ansvar. Lånar er sjølv ansvarleg for å melde om tap av lånekort. Endring av adresse, mobilnummer eller e-postadresse må straks meldast inn til biblioteket.

 

  1. Gebyr

Lånarar som er registrert med e-post eller mobilnummer kan få førehandsvarsel ved forfall av lånetida.

Biblioteket sender purremelding til lånaren på lånt materiale etter forfall. Lånar må betale for purring etter gjeldande satsar. Etter to purringar vil det bli sendt ut krav om erstatning. Erstatningskravet vert fjerna ved innlevering av materialet, men gebyra må betalast. Erstatningskravet vert sendt til inkasso dersom lånaren ikkje leverer materialet eller betalar kravet innan fristen. 

 

  1. Tap av lånerett
  2. Ved brot på lånereglane kan biblioteket ta frå lånaren retten til å låne for ein periode.

  

Gebyr- og erstatningssatsar:

Gjeldande frå 01.01.20, vedteke i Sunnfjord kommunestyre (vedtakskode).

 

Satsar 2020

Erstatningssatsar for vaksne:

(vaksen – frå det året lånaren fyller 15 år)

 

Trykte bøker

495 kr

Lydbøker

495 kr

Purremelding 1

35 kr

Purremelding 2

70 kr

Nytt lånekort

30 kr

 

 

Erstatningssatsar for barn:

(barn – til og med det året lånaren fyller 14 år)

 

Trykte bøker

275 kr

Lydbøker

275 kr

Purremelding 1

0 kr

Purremelding 2

35 kr

Nytt lånekort

30 kr

 

 

Erstatningssatsar felles:

 

Mikrofilm

495 kr

Konsollspel

495 kr

Film

275 kr

Tidsskrift

75 kr

Fjernlån (innlånt frå andre bibliotek)

Eigarbiblioteket sine satsar

 

 

Anna:

 

Utskrift frå PC

3 kr

Kopi av A4-ark

3 kr

Kopi av A3-ark /Scanning av dokument

10 kr

* For særskild kostbare eller verdifulle bøker/media vil reell sum bli lagt til til grunn for erstatningskrav.