Gotisk skrift - lesegruppe

Fredag 6. september kl. 12.00 er vi attende med lesegruppa for gotisk skrift på biblioteket ved Yngve Nedrebø, statsarkivar i Bergen og fagdirektør for skriftforvaltning i Arkivverket. Denne gongen er Yngve med oss på Førde bibliotek. Tema for dagen er ikkje klart! Har du gamle skrifter du ynskjer å lese så er dette gruppa for deg!

Gruppa passar for alle som arbeider med lokalhistorie og slektshistorie, og som slit med å lese dokument med gotisk skrift.
Samlinga varer denne gongen 3 timar og det er begrensa plass.

Ta kontakt med Førde bibliotek på epost: bibliotek@forde.kommune.no eller telefon 57721909 for påmelding og skriftmateriale på førehand.