Førde bibliotek er stengt!

Kjære bibliotekbrukarar! Vi er i ein svært spesiell situasjon og dette har også fått konsekvensar for dokke som lånarar/brukarar av våre tenester. 

 

Innlevering: Inntil vidare er det ikkje mogeleg å levere bøker til biblioteket her i Førde. (Førdehuset er heilt stengt!)

 

Purringar: Vi har stengt ned purresystemet og ingen vil få purregebyr sjølv om lånetida har gått ut. (sjå vekk frå ev. beskjedar frå biblioteksystemet vårt).

 

Bestillingar/fjernlån: Du vil ikkje få hente bøker som er bestilt/reservert. Bestillingssystemet vil truleg verte stengt. All transport mellom biblioteka er innstilt.

 

Fornying: Dette vil vi kome tilbake til når vi har betre oversikt.

 

Vi skal oppdatere informasjonen etter kvart!