Digital festival - seniorsurf!

Vil du lære meir om ulike digitale tenester og tilbod? Digital festival (tidlegare Seniorsurf) vil få fleire på nett! Festivalen vil vise at det er moro, trygt, demokratisk og ufarlig å lære noko nytt, uavhengig av alder! Er du 60+? Bli med på Digital festival på Førdehuset! Det vert eit variert program og mykje om kva du kan bruke mobiltelefonen til!

Terje Gilleshammer i NRK Sogn og Fjordane vil fortelje om utviklinga innan medietenester, spesielt på mobil. Ellen Jensen, rådmann i Jølster og stabsleiar service i nye Sunnfjord kommune vil ta for seg kommunale tenester i framtida. I tillegg får du informasjon om e-bøker, ei ny nettside for aktivitetar, bluetooth m.m.

 

Førdehuset, Lisjesalen.

Torsdag 19. september, Kl. 10.00 - 14.00. 
Det vert kaffiøkt og enkel servering.
Gratis å delta. Velkomen!

Arrangør: Seniornett Førde, Førde bibliotek og Førde Friskliv og Frivilligsenter