Biblioteket opnar att!

Førde bibliotek opnar dørene att, fredag 8. mai! Etter 2 månader der Førdehuset har vore stengt for besøkande kan du no kome inn på biblioteket både for å låne og levere bøker.

 

Opningstid frå fredag 8. mai:
Måndag–torsdag: 10-17
Fredag: 10-15
Laurdag: 10-15

 

Avgrensingar:
Biblioteket vil ha nokre avgrensingar for besøkande og vi oppfordrar til helst korte besøk sidan det berre kan være 25 personar i bibliotek samstundes.
•  Lesesal - bestill plass i skranken, maks 4 personar pr. dag.
•  Kun 1 pc til nettbruk/utskrifter (ikkje gaming)
•  Barn i biblioteket må ha med seg føresette (barn under 10 år)
•  Det vert ikkje høve til å lese aviser på biblioteket
•  Tidsskrift - kontakt tilsette for lån

 

Låne- og innleveringsrutiner:
•  Ta med lånekort el. bruk lånekortet på mobil-appen!
•  Bestill mest mogeleg bøker på Bibliofil-appen/nettsider, så kan vi lage dei klar til du kjem og hentar dei.
•  Bruk utlånsautomaten
•  Lever bøker i bokkassen ved skranken.
•  Det vert 2 dagar karantene på innleverte bøker.
•  Bøker som må lånast frå andre bibliotek kan ta noko lengre tid enn normalt.
Vær nøye med handhygiene når du tek i bøker og anna utlånsmateriale.

 

Smittevern:
Vi oppfordrar til handvask før og etter bibliotekbesøket, og det vert sprit ved inngangsdøra og ved utlånsautomaten. Hald anbefalt avstand til andre besøkande/tilsette. (minst 1 meter).
Dersom du har luftvegssymptom ber vi om at du ikkje besøker oss enno.