Avslutningsfest Sommarles 2019

Denne sommaren har veldig mange BARN lese utruleg mange BØKER! 

Førde bibliotek ynskjer å invitere alle saman på avslutningsfest for Sommarles, onsdag  11. september.

Vi byr på bollar, saft og ei flott teaterframsyning:  «Mummitrollet og den usynlege jenta.» (SOFT).

 

Det er så mange deltakarar i år at vi lyt ha 2 framsyningar!

  1. 1- 4. klasse kl. 18.00
  2. 5 - 7. klasse kl. 19.00

Det vert premieutdeling kl. 18.30, mellom dei 2 framsyningane!

 

Ver vennleg å melde dykk på innan laurdag 7. september. De kan enten ringe 97721909 eller sende e-post til bibliotek@forde.kommune.no.

Har de barn som er i begge aldersgrupper vel de 1 av framsyningane ved påmelding.  

 

Vi håpar å sjå dykk alle på festen!

Mvh Førde bibliotek