Kammerkoret.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 06 jun 19:00 Vårkonsert - ei reise i musikalar 115/215 FESTSALEN Konsert Kjøp billett

Vårkonsert - ei reise i musikalar

Vårkonsert - ei reise i musikalar:
Førde Kammerkor ønskjer for konserten denne våren å ta med publikum på ei reise i musikalar i eit 100 årsperspektiv - frå 1920-talet og fram til vår tid. Saman med Førde gutekor og eit jentekor samansett av elevar frå Førde musikkskule, gjev konserten eit vidt spekter både tematisk og musikalsk. Reisa tek oss frå Sound of Music via Mary Poppins, Cats, Chess og til svenske Kristina från Duvemåla.
Mange songar er kjende og kjære, men vert no presentert i eit litt nytt konsept. Korarrangamenta og bruk av berre piano-akkompagnement gjev songane ei ny drakt. Med solide namn som blant anna George Gershwin,, Bjørn Ulveus, Benny Andersson og Tim Rice i notane håpar Førde Kammerkor å kunne by på ein magisk kveld for både små og store.
Dirigent: Asbjørn Flåm.
Solistar: Cathrin Søvde, Elise Mellingen og Helen Tyssekvam.
Pianist: Jon Kristian Bye

Billettprisar: kr. 215 for vaksne og kr. 115 for born.

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 06 jun 19:00 Vårkonsert - ei reise i musikalar 115/215 FESTSALEN Konsert Kjøp billett