DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 18 nov 19:00 Teaterkonsert Sundfør - Riksteatret 415 STORSALEN Arrangement Kjøp billett
crop_fe5_u8L0_1a06ced5-f51c-4c06-bbff-6a56c17c1b7c.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 18 nov 19:00 Teaterkonsert Sundfør - Riksteatret 415 STORSALEN Arrangement Kjøp billett

Teaterkonsert Sundfør - Riksteatret

Teaterkonsert Sundfør - Life does us

Opplev Susanne Sundførs musikalske univers på teaterscena!

Nokre gongar veks det fram artistar som lagar så vakker musikk at han vert opplevd som intenst truverdig for menneske over heile verda. Susanne Sundfør er ein av desse artistane.

Med spektakulære konsertar og musikk som fangar heile opplevinga av å vere menneske, har Susanne Sundfør vakse seg inn i den internasjonale stjernehimmelen og blitt ein av dei viktigaste artistane vi har. No vert songane hennar teaterkonsert med nokre av landets mest musikalske skodespelarar på scena.

Mimmi Tamba, Lars Henrik Aarnes, Ingrid Jørgensen Dragland, Fridtjof Stensæth Josefsen, Ida Göransson, Trond Peter Stamsø Munch og Elisabeth Mørland Nesset vil framføre nokre av dei beste songane frå album som Music for People in Trouble, Ten Love Songs og The Brothel i ei scenisk teaterforteljing tettpakka med musikk og magi, der vi tar i bruk alle verkemidla teatret har.

Vi trur det kan bli eit av høgdepunkta for alle som har lyst til å møtast for ei stor kulturoppleving til hausten. Velkomen i teateret!

Framsyningslengde: ca. 2 timar (inkludert pause)

Urpremiere i Haugesund 6. oktober
Produsert av Riksteatret i samarbeid med Haugesund Teater.
Vert spelt i Haugesund før turné med Riksteatret til 40 stader hausten 2021.

Av Njål Helge Mjøs. Regissør Helena Wik. Musikalsk ansvarleg Simon Revholt. Musikalsk medskapar Sjur Miljeteig. Scenograf og kostymedesignar Mari Lotherington. Koreograf Stian Vikjord Danielsen. Lysdesignar Ingrid Skanke Høsøien. Lyddesignar Amund Ulvestad. Dramaturg Njål Helge Mjøs. Produsent Wenche Viktorsdatter Paulsen.

Med Mimmi Tamba, Lars Henrik Aarnes, Ingrid Jørgensen Dragland, Fridtjof Stensæth Josefsen, Ida Göransson, Marius Trøan Hansen, Trond Peter Stamsø Munch, Elisabeth Mørland Nesset