DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 09 apr 19:00 Teater Vestland: Are Kalvø toppar VG- lista 485 STORSALEN Arrangement Kjøp billett
AreKalvo_Web_1000x1499pxNY.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 09 apr 19:00 Teater Vestland: Are Kalvø toppar VG- lista 485 STORSALEN Arrangement Kjøp billett

Teater Vestland: Are Kalvø toppar VG- lista

Om popmusikken og meininga med livet. 

Kan det hende at svara på alle dei store spørsmåla om livet ikkje er å finne i litteraturen, filosofien eller religionen? Kan det hende dei er å finne hos Britney Spears og Freddy Kalas?

Kan det hende at svara er å finne i dei skikkeleg populære songane som omgir oss gjennom heile livet?
Are Kalvø trur det. Med utgangspunkt i eit knippe songar som har toppa VG-lista dei siste femti åra, prøver Kalvø i denne framsyninga å forstå vår tid og finne meininga med livet. Såpass må det vere. Toppar VG-lista handlar om liv, død, politikk, religion, kjærleik, vennskap, kriser og menn i altfor små shortsar. Og song og dans. 

Are Kalvø Toppar VG-lista er ein samproduksjon mellom Det Norske Teatret og Teater Vestland, i samarbeid med Are Kalvø.

 

KUNSTNARLEG LAG

Av Are Kalvø
Regissør Erik Ulfsby
Scenograf og kostymedesignar Unni Walstad
Lysdesignar Per Willy Horn
Dramaturg Ingrid Weme Nilsen

 

Medverkande
Skodespelar Are Kalvø
Musikar Ståle Sletner