DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
sø 14 nov 17:00 SAGAS - Opera Nordfjord 475 STORSALEN Arrangement Kjøp billett
78100939_3259569604094482_2834883822170931200_o.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
sø 14 nov 17:00 SAGAS - Opera Nordfjord 475 STORSALEN Arrangement Kjøp billett

SAGAS - Opera Nordfjord

 

Ei magisk reise inn i Fantasy-riket
Endeleg er SCORE tilbake! Etter stor suksess våren 2017 med dataspelmusikk, innbyr vi til eit nytt, magisk, musikalsk eventyr når SAGAS skal på turné til Trivselshagen, Sogndal, Nordfjordeid og Førde i perioden 11.-14. november.


Vi tek deg med på ei fortryllande reise i fantasien si verd. Temaet er filmmusikk frå fantasysjangeren, i tillegg til klassikarar frå spelverda. Vi byr på kassasuksessar som Harry Potter, Narnia, The Lord of the Rings, Conan – The Barbarian, Princess Mononoke, Carmina Burana, Skyrim, Shadow of the Colossus og sjølvsagt musikk frå den umåteleg populære TV-serien Game of Thrones.


Konsertane passar både for det kresne, klassiske konsertpublikumet, for unge og eldre gamerar og ihuga fantasytilhengarar, uansett alder. Her er det heilt trygt for besteforeldre å ta med barnebarn for å oppleve spennande og inspirert symfonisk musikk med eit 50-tals orkester og stort kor, samansett av musikklinjekoret ved Firda vidaregåande skule og Opera Nordfjord sitt eige operakor og det er ei glede å ønskje tilbake den svenske sopranen Sabina Zweiacker, som gledde publikum med si vakre stemme på SCORE i 2018

Dirigent vert Michael Pavelich.
Art work used by kind permission of ZeniMax Media.