DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 20 mar 18:00 Riksteatret: Pang! 395 STORSALEN Arrangement Kjøp billett
PANG--RT-07010- Foto_Stig_Håvard__Dirdal.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 20 mar 18:00 Riksteatret: Pang! 395 STORSALEN Arrangement Kjøp billett

Riksteatret: Pang!

Velkomen til en morosam kveld med Riksteatret!
Sei god dag til Rolf Pang, ein manipulerande mann som har eitt mål – å få kloden til å dreie rundt han.

Forfattaren av Pang! seier at han skreiv komedien som ein allergisk reaksjon då Donald Trump blei president. Ein allergisk reaksjon mange nok har følt, og som berre er blitt sterkare og sterkare i takt med at Trump sine løgner er blitt fleire og fleire og grovare og grovare.

 

- «Pang!» er ein skarp satire over vår eiga samtid. Ein ellevill komedie som plukkar opp samfunnsaktuelle fenomen. Han er sett saman av mange element, nesten som ein kabaret krydra med gjenkjennelege situasjonar. Eg trur alle kjem til å like nokre bitar i denne twistposen, seier regissør Peer Perez Øian.

Som i alle gode satirar vert det sparka det i alle retningar


Rolf Pang er så sjølvsentrert at han tar livet av si eiga søster i mors liv. Det er ikkje plass til andre enn han. Han er det ultimate monster, men foreldra meiner at sonen ikkje kan gjere noko gale – same hvor valdeleg han oppfører seg. Denne feigskapen får fatale følger.

- Foreldra feigar ut, tar ikkje ansvar. Dei vel å oversjå dei mindre sympatiske trekka ved sonen og plasserer skulda andre stader. Andre som prøver å setje grenser eller utfordre egoet hans, møter Pang med verbale eller fysiske motangrep. Han er skamlaus, narsissistisk, har ingen grenser, seier Øian.

 

Sjølv har forfattaren sagt at han mellom anna vil setje søkelys på det han kallar «eit underleg fenomen» - foreldre som blir så blinde for eigne barns feil, at det heile utviklar seg til ein konkurranse i å framstille barna som spesielle eller gåverike. At ein gut kan gå når han er ti månader gammal, betyr ikkje at han kjem til å bli ein Mozart, påpeikar dramatikaren.

 

Pang! er blitt spelt på scener over heile Europa, og endeleg blir det mogleg å oppleve dette kritikarroste teaterstykket med Riksteatret på kulturhusscener over heile landet.
Håpar vi ser deg der!

 

På scena
Espen Alknes, Peiman Azizpour, Bartek Kaminski, Ida Klem, Rebekka Nystabakk og Olav Waastad

 

Team
Regissør Peer Perez Øian. Scenograf Olav Myrtvedt. Kostymedesignar Christina Lovery. Lysdesignar Kai Roger Havn. Komponist og lyddesignar Gaute Tønder. Videodesignar Eilif Fjeld Teisbo. Koreografisk assistanse Stian Vikjord Danielsen. Dramaturg Siri Løkholm Ramberg. Produsent Rebecca Mathisen.

 

Av Marius von Mayenburg. Oversatt av Øyvind Berg.
Colombine Teaterförlag. Originaltittel: Peng.

 

Framsyningslengde: 1 time 45 minutt (ingen pause).
Produsert av Riksteatret i eit samarbeid med Nationaltheatret

--