DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 20 mar 18:00 Pang! - Riksteatret 395 STORSALEN Arrangement Kjøp billett

Pang! - Riksteatret

lau 20 mar18:00395

Kjøp billett

Pang! - Riksteatret

PRODUSENT: REBECCA MATHISEN

KRITIKERROST KOMEDIE AV MARIUS VON MAYENBURG. REGI: PEER PEREZ ØIAN.

Absolutt fantastisk

 

Rolf Pang er ein sterk mann! Og ingenting – absolutt ingenting – kan hindre hans veg til toppen. Han er så utroleg fantastisk at han gjer sin eigen fødsel om til ein pressekonferanse. Aldri har så mange komme. Aldri har verda sett eit større geni enn han! Eit barn med så stort ego kan bli kva han vil, berre foreldra trur nok på han og verda anerkjenner hans enorme talent.

 

Dette utruleg sterke, manipulerande barnet vil opp og fram. Det får han til, godt hjelpt av familie, sosiale medier, fake news og testosteron. Utan han blir verda dødskjedeleg. Kloden kretsar rundt han, dette strålande eigenrådige evnerike barnet, denne grenseoverskridende mannen, perfekt i sin timing og skarp i sin forståing av andre sin svakhet. Ingenting kan stoppe han. Ikkje eingong han sjølv.

 

Gled deg til ein annleis komedie! Pang! er blitt spela på scener over heile Europa, og endeleg blir det mulig å oppleve dette kritikarroste teaterstykket med Riksteatret på kulturhusscener over heile landet. Her sparkast det i alle retningar, og ingen kan føle seg trygg!

 

På scena

Espen Alknes, Peiman Azizpour, Rebekka Nystabakk, Bartek Kaminski og Olav Waastad

 

Team

Regissør: Peer Perez Øian, Scenograf: Olav Myrtvedt, Kostymedesigner: Christina Lovery, Lysdesigner: Kai Roger Havn, Komponist, Lyddesigner: Gaute Tønder og Videodesigner: Eilif Fjeld Teisbo

 

Av Marius von Mayenburg. Oversatt av Øyvind Berg.

 

Colombine Teaterförlag. Originaltittel: Peng.

 

Forestillingslengde: 1 time 40 minutter (ingen pause).

 

Turnépremiere: Oslo / Nydalen 11. feb 2021

 

Produsert av Riksteatret

}
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 20 mar 18:00 Pang! - Riksteatret 395 STORSALEN Arrangement Kjøp billett

Pang! - Riksteatret

lau 20 mar18:00395

Kjøp billett