Lyarscena plakat Tonar frå Sunnfjord.jpg

Lyarscena - ein konsertserie: Tonar frå Sunnfjord

Ein konsert med lokalt opphav

 

Høgt oppi Haukedalen budde det ein gong ein gut med namnet Johannes. Kven hadde trudd at han skulle bli ein av Noreg sine fremste komponistar? Henri Eftevand og Andreas Taklo framfører musikk som har opphav i vårt eige distrikt. Johannes Haarklou er den mest kjente lokale komponisten vi har. Sunnfjord har ei grunnkraft som har inspirert mange kunstnarar opp igjennom tidane. Vi vil presentere noko av kva vår eigen lokale komponist har skapt.


Henri Eftevand, fiolin og Andreas Løken Taklo, piano

 

Etter ein suksessrik første runde med 4 konsertar hausten 2020 er vi no glade for å kunne invitere deg til å bli med på fortsetjinga!

 

Konsertdagar:
4. mars: Changing Years - Sounds of a century, Jacob Wyrtz, gitar 
18. mars: Operaperler, Christine Marøy og Eivind Kandal, song, Julia Gåsvær, trompet og Noemi Utasi, piano 
27. mai: Tonar frå Sunnfjord, Henri Eftevand, fiolin og Andreas Løken Taklo
3. juni: I det grønaste graset, Helga Lied Wyrtz, fløyter og Thomas Aanonlie, slagverk 

 

Det har lenge vore ønska ein eigen konsertserie med dei dyktige distriktsmusikarane i
Sunnfjord, og i den nye salen får vi moglegheit til å syne fram eit fantastisk musikkbygg i
tillegg. Akustikken i salane er av ypperste merke, og er lagt til rette spesielt for akustisk
musikk.

 

Billettane blir seld via Førdehuset sitt billettsystem.
www.fordehuset.no
Billettpris:
150 kr for vaksne
50 kr for born
0 kr for kulturskuleelevar


Konsertstad:
Nordsalen, Sunnfjord kulturskule, Angedalsvegen 5
(mellom Førdehuset og Ungdomsskulen)