DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 04 mar 19:00 Lyarscena - ein konsertserie: Changing Years - Sounds of a Century 150 Nordsalen, Kultursku Arrangement Kjøp billett
Lyarscena plakat Changing years.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 04 mar 19:00 Lyarscena - ein konsertserie: Changing Years - Sounds of a Century 150 Nordsalen, Kultursku Arrangement Kjøp billett

Lyarscena - ein konsertserie: Changing Years - Sounds of a Century

Gitarmusikk frå det 20. århundre.  Frå det melodiske til det atonale.


Det 20. århundret er det raskast skiftande århundret på dei fleste felt;Teknologi, mote, medier og sjølvsagt kunst. Utviklinga skjer på få år, og det som var gjeldande i går er no plutseleg gammaldags. Samtidig som det skjer mange nye ting, er det òg stort fokus på fortida, og mange lar seg inspirere av denne.
I musikken høyrer vi tydeleg dette. Musikken har fått nye klangar og uttrykksformer, men ofte høyrer ein ny musikk med gammal klang.

 

Jacob Wyrtz, gitar

 

Etter ein suksessrik første runde med 4 konsertar hausten 2020 er vi no glade for å kunne invitere deg til å bli med på fortsetjinga!
Det blir 4 ulike konsertar fordelt utover våren. Her finn du musikkopplevingar for ein kvar smak.

 

Konsertdagar:
4. mars: Changing Years - Sounds of a century, Jacob Wyrtz, gitar
18. mars: Operaperler, Christine Marøy og Eivind Kandal, song, Julia Gåsvær, trompet og Noemi Utasi, piano
27. mai: Tonar frå Sunnfjord, Henri Eftevand, fiolin og Andreas Løken Taklo
3. juni: I det grønaste graset, Helga Lied Wyrtz, fløyter og Thomas Aanonlie, slagverk

 

Billettane blir seld via Førdehuset sitt billettsystem.
www.fordehuset.no
Billettpris:
150 kr for vaksne
50 kr for born
0 kr for kulturskuleelevar


Konsertstad:
Nordsalen, Sunnfjord kulturskule, Angedalsvegen 5
(mellom Førdehuset og Ungdomsskulen)