DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 30 sep 19:00 LUTT litteratur - opningsfest 290 STORSALEN Arrangement Kjøp billett
Tore Renberg 1.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 30 sep 19:00 LUTT litteratur - opningsfest 290 STORSALEN Arrangement Kjøp billett

LUTT litteratur - opningsfest

 

 

Litterær festkveld i Førdehuset markerer opninga av den nye litteraturfestivalen i Sunnfjord.

Inspirert av korleis Luttfest og Luttprisen det siste tiåret har løfta unge fram unge artistar frå regionen, vil litteraturfestivalen ta sikte på det same for unge forfattarar og nye stemmer i litteratur og tekstar.

 

Med ei slik målsetting var Ane Barmen frå Vågsøy den første forfattaren vi inviterte til LUTT litteratur. Ho brakdebuterte i 2019 med romanen «Draumar betyr ingenting» og tok like godt med seg ein Bragepris heim frå NM i litteratur det året.

 

I parallellklassen på vidaregåande fann Ane ein god kamerat: Erlend Blaalid Oldeide, heitte han. Denne kvelden møtest dei til samtale på scena, når NRK-journalisten leier oss gjennom festkvelden.

 

Erlend Oldeide samtalar også med ein av sine eigne favoritt-forfattarar på opningsfesten: Tore Renberg. – Eg har byrja å skrive på luringane sitt språk, seier Renberg om romanane «Du er så lys» og «Tollak til Ingeborg» – sistnemnde nyslått vinnar av Bokhandlarprisen 2020. Kva han meiner med det, får vi høyre meir om i samtalen på scenekanten.

 

Tore Renberg sin forfattarskap er befolka av både heltar og antiheltar, høgt elska av lesarane. Saman med sin faste makker, Aleksander Flotve på gitar, får vi slå fylgje med Tore Renberg innom både Hillevåg-gjengen og Kompani Orheim. Truleg er det nok likevel Tollak som har mest på hjartet denne kvelden, sjølv om han teier seg sjuk i forteljinga si.

 

Anna Kleiva er mellom vår mest omtykte unge lyrikarar. Når ho kjem til Sunnfjord, er det mellom anna for å lage ein ny poesikonsert saman med Ole Nilssen, som er fylkesmusikar her hjå oss. Den unge meisterspelemannen frå Løten, og frå folkemusikkslekt på Hedmarken, spelar så hjartet mjuknar, – det har vi alt fått erfare. Når dei to slår seg saman rundt dikta i Anna Kleiva si samling «Drikkeviser frå Paris», kan det fort bli moro. Ein liten skål frå poesikonserten som kjem i fullversjon seinare på festivalen, blir servert på opningsfesten i storsalen.

 
Opningshelsing ved ordførar Olve Grotle, kåring av vinnar i LUTT litteratur sin skrivekonkurranse og alt i alt ein herleg start på eit godt nytt år i i vår distriktsvariant av litteraturhuset – Rom for ord! Velkomne!