Mal Førdehuset kling.png

Kling - lunsjmusikk: Nonspel på fele og trekkspel

Sprudlande feiring med klavermusikk på vårt flunkande nye Yamaha-flygel!
Noemi Utasi, piano


Kling - lunsjmusikk. Ein musikalsk lunsjpause med lefse og kaffi!

Distriktsmusikarane byr på eit unikt pusterom i travle haustkvardagar!
Fire fredagar kl.12—12.30 inviterer dei til lunsjkonsertar av ypparste kvalitet i Nordsalen i nye Sunnfjord Kulturskule.
Det har lenge vore ønska ein eigen konsertserie med våre dyktige distriktsmusikarar, og her får vi moglegheit til å syne fram eit fantastisk bygg i tillegg, med akustikk laga nettopp for formidling og deling av musikkopplevingar.

 

Du får musikk, du får lefse og du får kaffi i ein og samme billett.
Ta med eigen kopp og nyt lunsjpausen din hjå oss!

 

25. september kl. 12
Svart-kvitt
Sprudlande feiring med klavermusikk på vårt flunkande nye Yamaha-flygel!
Noemi Utasi, piano

 

23. oktober kl. 12
«Beside the Stream»
Det finst alltid ein hovudstraum, og det finst dei tinga som er utanfor den, også i musikken.
Helga Lied Wyrtz, tverrfløyte og Noemi Utasi, piano

 

6. november kl. 12
Nonspel på fele og trekkspel
Ingrid Schei Stuhaug og Ole Nilssen dreg fram dei ypparste slåttane-skreddarsydde for å setje helgestemninga!
Ingrid Schei Stuhaug, hardingfele og Ole Nilssen, trekkspel

 

27. november kl. 12
Schubert med krydder
Inderleg og varmande kammermusikk; Frå Trio op. 100 av Franz Schubert.
Krydderet i konserten er vår nye trompetist, som hentar opp eigne musikkskattar.
Henri Eftevand, fiolin, Hans Holgersson, cello, Noemi Utasi, piano og Julia Gåsvær, trompet


Billettpris: 
100kr for vaksne 
Servering av lefse og kaffe inkludert i billetten
Konsertstad: 
Nordsalen, Sunnfjord kulturskule
Angedalsvegen 5 
(mellom Førdehuset og Ungdomsskulen)Kling