DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
fr 19 nov 12:00 Kling lunsjmusikk: Gamal Jølstring 0 Nordsalen, Kultursku Arrangement Kjøp billett
Førdehuset framsida plakat Kling Gamal Jølstring.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
fr 19 nov 12:00 Kling lunsjmusikk: Gamal Jølstring 0 Nordsalen, Kultursku Arrangement Kjøp billett

Kling lunsjmusikk: Gamal Jølstring

Ein musikalsk lunsjpause med lefse og kaffi!

 

Distriktsmusikarane byr på eit unikt pusterom i travle haustkvardagar!
Tre fredagar kl.12—12.30 inviterar dei til gratis lunsjkonsertar av ypparste kvalitet i Nordsalen i nye Sunnfjord kulturskule.


Det har lenge vore ønska ein eigen konsertserie med våre dyktige distriktsmusikarar, og her får vi moglegheit til å syne fram eit fantastisk bygg i tillegg, med akustikk laga nettopp for formidling og deling av musikkopplevingar. Du får musikk, du får lefse og du får kaffi! Og dette heilt gratis!

 

27.8.2021
kl. 12
ARTEMIS
Ein musikalsk hyllest til natur og jakt
Julia Gåsvær (trompet), Peter Ryan (valthorn) og Noemi Utasi (piano)

 

1.10.2021
Kl. 12
MYRTHEN
Songsyklus av Robert Schumann (utdrag)
Christine Marøy (song) og Noemi Utasi (piano)

 

19.11.2021
Kl. 12
GAMAL JØLSTRING
Slåttar rundt Astruptunet
Ingrid Schei Stuhaug (hardingfele) og Ole Nilssen (trekkspel)


Reservering av plassar via Førdehuset sitt billettsystem.

Billettpris:
gratis


Konsertstad:
Nordsalen, Sunnfjord kulturskule
Angedalsvegen 5
(mellom Førdehuset og Ungdomsskulen)


Litt meir om konsertane:

 

27.8.2021
kl. 12
ARTEMIS
Ein musikalsk hyllest til natur og jakt

Artemis er gudinna for villmark og dyreriket i gresk mytologi.
Vi tar deg med i myta om naturen sin herskar og spelar musikk inspirert av jakt, idyllisk landskap og magiske netter. Kven er denne jomfrukvinna som dansar med nymfer i fjell, skog og myr?

.
1.10.2021
Kl. 12

MYRTHEN

Songsyklus av Robert Schumann (1810-1856)
Lunsjkonserten er for kort til å kunne framføre heile syklusen. Difor vel Christine og Noemi nokon fine songar av syklusen.


Myrthen, (op 25) vart komponert i 1840 og tileigna Robert si kone Clara. Den er ei samling med 26 dikt frå ulike poetar. Mellom dei er Johann Wolfgang von Goethe, Robert Burns, Friedrich Rückert og Heinrich Heine.
Myrthen, ei musikalsk kjærleikserklæring med 26 dikt fylt av sterke, váre, brusande, varme, glade og lengtande kjensler.


Songsyklusen har tatt namnet frå ein blome, som treffande nok blir mykje brukt i brudebukettar: Myrt.

Christine Marøy (song) og Noemi Utasi (piano)

 

19.11.2021
Kl. 12

GAMAL JØLSTRING
Slåttar rundt Astruptunet

Jølster er eit rikt spelemannsområde, og mange spelemenn har budd i grender ein kan sjå ifrå Astruptunet. Ingrid og Ole spelar og fortel om slåttar og spelemenn frå Astrup si heimbygd.

Ole Nilssen, trekkspel
Ingrid Schei Stuhaug, hardingfele