DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
må 20 des 19:30 Juleoratoriet - Bach, Bergen filharmoniske orkester og kor 390 STORSALEN Arrangement Kjøp billett
1080x1920_juleoratoriet copy.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
må 20 des 19:30 Juleoratoriet - Bach, Bergen filharmoniske orkester og kor 390 STORSALEN Arrangement Kjøp billett

Juleoratoriet - Bach, Bergen filharmoniske orkester og kor

Bachs jublande feiring av jula med orkester, kor og strålande solistar.

Bachs livsglade Juleoratorium er for mange ein kjær del av juletradisjonen. Oratoriet består av seks kantater som blei komponert til julefeiringa i Leipzig i 1734.

Den gang blei kantatene framført over seks heilagdagar, mens vi på våre konsertar får høyre dei tre første. Verket innleiast med ein festleg sats for kor og orkester, med trompetar og pauker i sentrale roller i feiringa av Jesu fødsel. Andre kantate, som er via møtet mellom himmel og jord, innleiast med ein pastorale. I tredje kantate skunder hyrdene seg til Betlehem, og Bach presenterer igjen festinstrumenta trompet og pauker.

 

Solistkvartetten er av høgaste klasse; den sveitsiske tenoren Fabio Trümpy som den fortellande evangelisten, sopranen Beate Mordal, som vi kjenner frå tidlegare konserter og operaframføringar, Marianne Beate Kielland, vår leiande mezzosopran i dette repertoaret, og den tyske barytonen Sebastian Noack.

Jan Willem de Vriend, ekspert på historisk framføringspraksis og ein populær dirigent både hos publikum og musikarar, dirigerer.