DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
on 12 jan 19:00 Gisle Børge Styve trio 425 STORSALEN Arrangement Kjøp billett
Gisle_Boerge_Styve_Trio_01-160NC.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
on 12 jan 19:00 Gisle Børge Styve trio 425 STORSALEN Arrangement Kjøp billett

Gisle Børge Styve trio

Gisle Børge Styve Trio er i full gang igjen med konsertar, nye innspelingar og stort pågangsmot!  Dei gler seg veldig til å presentere nytt stoff og møte sitt publikum som dei ikkje har sett på så lenge.

 

Musikken er framleis melodisk, vakker og groovy, med trestemte koringar og variert instrumentering. I sentrum står Gisle Børge Styves varme vokal og leikne piano, ledsaga av Per Willy Aaseruds trompet og Helge Harstads bass. Trioens spanande musikalske arrangement gir også plass til ukulele, melodika, fiolin, perkusjon og slide-bass! Samspelsgleda er stor, trioen koser vettet av seg og det smitter fort over på publikum. Deira stadig vaksande publikum reiser alltid heim etter konsertane med eit smil om munnen og fløyel om hjartet. Ein konsert med trioen omtalast av fleire som ”ren terapi av absolutt høyeste karakter”, og publikum får moglegheit til å både le og grine.

 

Vi synast for øvrig også at det bør nemnast at eit av medlemmane har ein personleg rekord på 60 meter på 6.9 sekunder. Det er riktig nok ei stund sidan, men likevel …

 

Høyr musikken f.eks. på Spotify mm