Frå torsdag 14. mai opnar vi resepsjonen

Frå torsdag 14. mai opnar vi resepsjonen, men med avvikande opningstider.

Vi opnar opp ein halvtime før første film og så stenger vi når siste film har begynt.

Følg med på nettsida https://www.fordehuset.no/kino for når filmane går. Går første film kl. 18.00, opnar vi kl. 17.30.

 

For dei som har gåvekort som har gått ut på dato i den perioden vi har holdt stengt så er det berre å komme innom eller ringe 57721 900 i opningstida til resepsjonenså forlengar vi datoen på gåvekortet ditt. 

 

NO KAN DU GÅ PÅ KINO

Frå torsdag 14. mai opnar vi oppatt med filmframsyningar på Kino Førde. Framsyningane vert lagt ut fortløpande med filmar frå den tida vi måtte stenge, og nye filmar. Har du synspunkt eller ynskjer Husstandsframsyningar sender du ein epost til kino@sunnfjord.kommune.no

Vi gler oss til å ta i mot deg! Men hugs at du sjølvsagt må vere frisk når du kjem! Er du sjuk eller har symptom på sjukdom, held du deg heime.

Vi oppmodar alle om å vaske hendene både når du kjem og etter ei framsyning.

- Det er fint om du kjøper billett via nettsidene våre eller brukar eBillett-appen.
- I Storsalen vert det lagt ut 50 billettar, i Lisjesalen noko færre.
- Du må registrere namn og kontaktinfo for å få gjennomføre kjøpet, og ved ein eventuell smittesituasjon kan opplysningane dine bli delt med smittevernmyndigheitene.
- Publikum skal sitte med minimum 1 meters mellomrom
- Personar frå same husstand har lov å sitje saman.
- Kinoverten hjelper til med plasseringa i salen, og har mynde til å flytte på publikum for at 1 meters-grensa skal haldast.