_20190525_172557.JPG
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
fr 08 nov 17:00 Folk og røvere i Kardemomme by 180/230 STORSALEN Arrangement Kjøp billett

Folk og røvere i Kardemomme by

 

Velkommen til årets familieframsyning, 

FOLK OG RØVERE I KARDEMOMME BY! 

I Kardemomme by bur gamle Tobias, pølsemakaren, trikkeførar Syversen og barberer Sørensen. Tommy og tante Sofie og vesle Kamomilla. Og politimester Bastian som aldri har lyst til å arrestere nokon. Rett utanfor byen bur det tre røvarar som heiter Kasper, Jesper og Jonatan. Det blir også sirkus der vi får besøk av Kaptein Sortebill. Dei har også lyst til å være med. 

Folk og røvere i Kardemomme by - ei teaterframsyning full av energi, live band, humor, dans og masse musikk. Du vil møte ei frekk papegøye, ein talande kamel og ei løve! Bli med inn i Egners verden og opplev den magiske teaterstemninga i Storsalen i Førdehuset. Vi lovar ei framsyning barna seint vil gløyme! Med fantastisk scenografi, kostyme og gjennomført lys og lyd levert av Anders Bruland. 

Det blir stand der barna kan møte rollene før og etter framsyninga. Der barna kan ta bilete saman med karakterane og slå av ein prat med alle saman i Kardemomme by. 

Varighet 60 min - utan pause. 

Regi og Koreografi: Anders Alvaro Nydal
Musikalsk Ansvarlig: Erlend Os
Scenograf: Jan Tjønneland
Lys og Lyd: Anders Bruland
Produsent: Sunnfjord Folkehøgskule

--------------------------------------------------------------------

Billettpriser:

Vaksne: 230 kr

Born: 180 kr

Familiepakke 2 vaksne og 2 barn: 180 kr pr billett. Totalt 720 kr. 

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
fr 08 nov 17:00 Folk og røvere i Kardemomme by 180/230 STORSALEN Arrangement Kjøp billett