plakat førde.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 17 okt 19:00 Bjarte Tjøstheim - Det går betre no 475 STORSALEN Arrangement Kjøp billett

Bjarte Tjøstheim - Det går betre no

 

Korleis kan ein leve av å være komikar og utlevere seg sjølv - når ein innst inne er engsteleg av natur?

Radioprogramleder, komikar og skodespelar Bjarte Tjøstheim teaterdebuterer med ein personleg og sjølvironisk framsyning om å leve med frykt for det aller meste.

Som barn blei prestesonen Bjarte korsfesta av kompisane sine i hagen til naboen i Randaberg. Dette barndomsminne bekrefta den indre frykta for kva livet kan føre med seg av farar og utfordringar.

I soloframsyninga Det går betre no viser Bjarte ei ny side av seg sjølv, og fortel personlege historier frå sitt ytre daglege, og sitt indre liv. Som presteson med vaklande gudstru er håpet at englar skal komme for å redde han når livet er på sitt aller mørkaste. Englar med vengar, eller berre med kvit frakk.

Den største frykta er likevel å bli gal og at psykiateren skal sei at han er klin kokos. Men då Bjarte først blei innlagt, viste det seg at psykiatrisk avdeling var den tryggaste plassen å være.

 

Anmeldelsar

«Med humoren i bakhånd utleverer Bjarte Tjøstheim sin angst med et hjerte som er både åpent og varmt»
VG

«nær og sår teaterforestilling om livets store utfordringer.»
Dagsavisen

«I en blanding av tragikomiske situasjoner og kloke refleksjoner klarer Bjarte Tjøstheim å si noe viktig om hvordan det er å leve med angst.»
Vårt Land

 

Varigheit: 60 minutt utan pause

}
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 17 okt 19:00 Bjarte Tjøstheim - Det går betre no 475 STORSALEN Arrangement Kjøp billett