DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 12 des 14:00 Annie JR. Musikal - Teater Vestland 325 STORSALEN Arrangement Kjøp billett
lau 12 des 18:00 Annie JR. Musikal - Teater Vestland 325 STORSALEN Arrangement Kjøp billett
sø 13 des 14:00 Annie JR. Musikal - Teater Vestland 325 STORSALEN Arrangement Kjøp billett
sø 13 des 18:00 Annie JR. Musikal - Teater Vestland 325 STORSALEN Arrangement Kjøp billett
AnnieJr_500x750px.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 12 des 14:00 Annie JR. Musikal - Teater Vestland 325 STORSALEN Arrangement Kjøp billett
lau 12 des 18:00 Annie JR. Musikal - Teater Vestland 325 STORSALEN Arrangement Kjøp billett
sø 13 des 14:00 Annie JR. Musikal - Teater Vestland 325 STORSALEN Arrangement Kjøp billett
sø 13 des 18:00 Annie JR. Musikal - Teater Vestland 325 STORSALEN Arrangement Kjøp billett

Annie JR. Musikal - Teater Vestland

Vi kjem snart attende etter henne» står det på lappen som foreldra skreiv då dei etterlét Annie som liten baby på trappa til barneheimen. 11 år seinare har Annie framleis trua på at foreldra vil komme og hente henne. «Det kjem ein dag i morgon» trøystar ho seg sjølv kvar einaste kveld. Ho og dei andre ungane har det ikkje bra på barneheimen som er styrt av den hjartelause Frøken Hannigan. Men Annie sluttar aldri å håpe.

Eit samantreff gjer at Annie får tilbringe jula hos milliardæren Oliver Warbucks. Den rike mannen har i overflod å dele, men manglar likevel noko som Annie har: kjærleiken og dette håpet. Då Warbucks lovar ein stor dusør til dei som kan hjelpe å finne foreldra, legg Frøken Hannigan, kjeltringbroren Rooster og kona hans Lily lumske planar for å få tak i dusøren.

 

«Annie jr.» er ei framsyning om kor viktig det er å ha håp og optimisme og tru på seg sjølv. Uansett kor grå dagane er, så må ein ikkje gi opp, men halde fast ved at det blir betre.

Annie har begeistra publikum sidan verdspremieren i 1976. Barnemusikalen om den håpefulle, raudhåra 11-åringen er basert på ei teikneseriestripe frå 1924 av Harold Gray, og er ein av dei mest spelte gjennom tidene. Annie jr. er kortversjonen. Det blir ein herleg miks av profesjonelle skodespelarar og mellom 80 og 100 born på scena i dette samarbeidet mellom Teater Vestland, Kulturskulen i Sunnfjord og Danseverkstedet.

 

 

AV Thomas Meehan
OMSETJING Jostein Avdem Fretland
REGISSØR Karoline Solbakken, Teater Vestland
KOREOGRAFI Miriam Førde, Danseverkstedet
SANGINSTUDERING Christine Marøy, Sunnfjord kulturskule
LYSDESIGAR Krystian Myska, Teater Vestland
MEDVERKANDE
FRØKEN HANNIGANG: Idun Losnegård
OLIVER WARBUCKS: Kyrre Eikås Ottersen
GRACE FARRELL: Reidun Melvær Berge
ROOSTER: Asbjørn Hagen
LILLY ST. HOTEL: Tuva Nyhammer-Taklo
ANNIE: Ane Fitje Woxen / Aisha Nurdeen
MOLLY: Sigrid Haug / Liv Gjelsvik Tollefsen
KATE: Solveig Ørstavik/ Lykke Loftheim
JULY: Solveig Råsberg Larsen / Ida Sætre Øvrebø
TESSIE: Astrid Sandsund Lie / Elina Folland Nielsen
DUFFY: Nora Nyhammer-Taklo/ Amanda Kvammen
PEPPER: Tiril Smørdal Sørland/ Jasmin Amelia Førde
Sander (hund) vert spelt av Vega
Hundetrenar: Marianne Elise Methi