Koronarestriksjonar for arrangement, kino og bibliotek

Korona restriksjonar

Vi gler oss til å ta i mot deg! Men hugs at du sjølvsagt må vere frisk når du kjem! Er du sjuk eller har symptom på sjukdom, held du deg heime.

Vi oppmodar alle om å vaske hendene både når du kjem og etter ei framsyning.

- Det er fint om du kjøper billett via nettsidene våre eller brukar eBillett-appen. I Billettsystemet får du no tildelt plass, og seta ved sidan av deg vert automatisk sperra
- Du må registrere namn og kontaktinfo for å få gjennomføre kjøpet, og ved ein eventuell smittesituasjon kan opplysningane dine bli delt med smittevernmyndigheitene.

-  Med faste tilviste plassar, i fastmonterte seterader kan vi ha 50 % kapasitet i salen og benytte kvar rad og eit sete mellom kvar husstand

- Personar frå same husstand har lov å sitje saman.
- På nokon filmar og arrangement  vil vi hjelpe til med plasseringa i salen, og har mynde til å flytte på publikum for at 1 meters-grensa skal haldast.

 - Førde bibliotek kan ha maks 25 personar i biblioteket samstundes

Sist oppdatert 16.08.2021