• 531950_202094986582127_1202602728_n.jpg

    Utleige av Skrivarløa

    Du kan leige Løa til alkoholfrie arrangement som bursdagsfeiring og konfirmasjonar.

  Ungdomsklubb

Ungdomsklubb

Eli Britt Danielsen

Ungdomsleiar

5761 2767

Opningstider

Måndag 14:30-20:00

Onsdag 14:30-20:00

Torsdag 14:30-20:00

Skrivarløa - ungdom i sentrum

 

Skrivarløa, ein raud stor bygning, finn du rett bak Førde ungdomsskule i Kyrkjevegen 22. Ungdomsklubben er ein møteplass for deg som går på ungdomsskulen. Facebookside

 

Opningstider

Vi har ope måndag, onsdag og torsdag mellom kl. 14:30 og 20:00 gjennom skuleåret. I feriar har vi andre opningstider.


I tillegg til dei faste opningstidene arrangerer vi Løafredag om lag seks gonger i skuleåret, der vi har ope mellom kl. 19:00 og 23:00.

 
Kva kan du gjere på Skrivarløa?

Skrivarløa er ein rusfri møteplass for elevar på ungdomsskulen. Dei dagane vi har ope kan du mellom anna stikke innom for å:
• vere med vennar
• gjere lekser
• spele data, Playstation, airhockey, fotballspel, bordtennis og biljard
• bruke det trådlause nettet vårt
• lære deg å danse, sjå facebook - Dans Uten Grenser
• spele i band, eller øve på neste gitarprøve på bandrommet vårt
• handle i kiosken vår
• kjøpe deg middag til 30 kroner rett etter skulen (du må bestille innan kl. 15:30)
• spele brettspel
• drive med ulike formingsaktivitetar
• jobbe som frivillig i ei av arbeidsgruppene våre
 

Søk opp Skrivarløa ungdomshus på facebook og du kan følgje med på kva som skjer.

 

Jobbe som frivillig?

Vi treng alltid nye frivillige ungdommar i kioskgruppa, DJ- gruppa og aktivitetsgruppa. Som frivillig er du med på å drifte Skrivarløa og får vere med på å bestemme kva aktivitetar vi skal ha på ungdomshuset. Du vert sjølvstendig og lærer ulike arbeidsoppgåver, som du kan lære vidare til andre frivillige. Vi kallar dette "ung til ung formidling". Det betyr i hovudsak at ungdommane sjølve har eit ansvar for å lære ifrå seg det dei kan til nykommarar i gruppa.

Send ein e-post til karin.fedje.boyum@forde.kommune.no om du ønskjer å vere frivillig, eller snakk med ein av oss vaksne på Skrivarløa ein dag du kjem innom.

 

Kven arbeider på Skrivarløa?

Skrivarløa er ein kommunal ungdomsklubb, og vi er fire tilsette som har ansvar for den daglege drifta:
• Eli Britt Danielsen - ungdomsleiar i Førde kommune/dagleg leiar Skrivarløa
• Karin Fedje Bøyum - miljøarbeidar på Skrivarløa
• Birgitte Flaten Stinhovden - miljøarbeidar på Skrivarløa
• Ann Kristin Sønnervik - miljøarbeidar på Skrivarløa

 

Utleige av Skrivarløa til rusfrie arrangement

Vi leiger ut Skrivarløa til rusfrie arrangement i helgene, der ansvarleg for arrangementet må vere over 18 år.

Utleigeprisen per døgn er 1000 kroner for 1. etasje og 1500 kroner for 1. og 2. etasje. For bestilling eller informasjon om utleige, send e-post til: karin.fedje.boyum@forde.kommune.no eller til ebd@forde.kommune.no

 

For spørsmål, kontakt:
• Karin Fedje Bøyum i opningstida, tlf. 970 05 293, e-post:karin.fedje.boyum@forde.kommune.no
• Eli Britt Danielsen, tlf. 948 18 440, e-post: ebd@forde.kommune.no


Besøk facebooksida vår for å halde deg oppdatert på komande arrangement, Løafredagar, opningstider i feriar og dagens middag.


 

 

Les meir