03 - the hate u give.jpg

The Hate U Give

Seksten år gamle Starr lever eit dobbeltliv. På den eine sida bur ho i Garden Heights, eit belasta, hovudsakleg afroamerikansk nabolag der far hennar – ein tidlegare langar – driv ein lokal daglegvarebutikk. Samstundes har foreldra hennar sendt ho på ein fin privatskule i ein annan bydel, og dei fleste medelevane hennar er kvite og velståande. Ho har klart å halde desse to verdane kvar for seg, men når ho er det einaste vitnet til at ein barndomsven blir skoten av politiet startar alt å falle frå kvarandre. Starr må sjølv velgje om ho skal vitne eller halde tett, og begge alternativa kjem med ein pris...

 

Det gripande dramaet er basert på Angie Thomas` bestselgande bok, og kastar eit lys over den tydlege og den subtile uretten som ein del av den afroamerikanske befolkninga må vekse opp under. Stjerneskotet Amandla Stenberg (The Hunger Games) gjer ein imponerande innsats i hovudrolla.