12 - P - Sonja.jpg

Sonja

Sonja er filmen om Sonja Henie, tidenes største kunstløpar, som bestemmer seg for å dra til Hollywood i 1936 og bli filmstjerne. Hennar første film, One In a Million, toppar Box Office same året, og slik skal det halde fram i lang tid framover. Nye filmar, halsbrekkande koreografiar, spektakulære skøyteshow, endelause festar, alltid omringa av kjærestar, beundrarar, vener og familie. Ein endelaus opptur … Men så skjer det. Sonja blir eldre. Ho er ikkje søt lenger. Og etter tretten filmar og to ulykkelege ekteskap startar både publikum og hennar næraste å forlate henne. Og Sonja toler ikkje å vere åleine…

 

Et tøft, usentimentalt portrett som ikke gir ved dørene. 5 – Dagbladet
Morsom, rørende og inspirerende. Et must i romjulen!  5 – KK
Ine Marie Wilmann er blendende i rollen som Sonja. Stor underholdning. 5 – Dagsavisen
Storfilmen gir et fascinerende og sammensatt bilde av den legendariske kunstløpstjernen. 5 – B.T.