Shoplifters

Vinnar av Gullpalmevinnere i Cannes, vinnar av publikumsprisen under Film Fra Sør og Japan sin offisielle Oscar-kandidat - "En av årets beste filmer" - Dagsavisen, terningkast 6
Shoplifters er truleg Hirokazu Koreeda  sin beste film til dags dato. Ei varm skildring av ein familie utanom det vanlege, som har mange hemmelegheiter, og som må gå uortodokse vegar for å få endane til å møtast.

Etter eit av sine nøye koreograferte butikktjuveri finn Osamu og sonen ei lita kald jente ute i vinterkulda. Dei tek ho med til sin falleferdige heim for å gje ho mat og varme. Familien nøler litt, men bestemmer seg etterkvart for å ta seg av jenta, spesielt når dei oppdagar korleis ho har hatt det.

Den uvanlege familien slit med å få endane til å møtast og er avhengig av strøjobbar og småkriminalitet for å overleve. Likevel finn dei mykje trøyst og glede med kvarandre sitt selskap. Tilværet deira vert snudd på hovudet då eit naskeoppdrag går gale. Gamle løyndomar kjem fram i lyset og tærer på dei mystiske banda som held familien saman…

 

01 - P - Shoplifters.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
ty 22 jan 19:40 Shoplifters 110 LISJESALEN 12 år Film Kjøp billett
to 24 jan 18:30 Shoplifters 110 LISJESALEN 12 år Film Kjøp billett

Shoplifters

ty 22 jan19:40110

Kjøp billett

Shoplifters

to 24 jan18:30110

Kjøp billett