Mordene i Kongo

Våren 2009 kryssar dei to nordmennene Joshua French og Tjostolv Moland grensa til Øst-Kongo. Få dagar seinare blir nyheita spreidd om at den innleigde sjåføren deira er funnen drepen. Etter fleire netter på flukt i den mektige kongolesiske jungelen, blir dei to pågripne og dømt til døden.

Når Tjostolv Moland etter fire lange år i fengsel blir funne død på cella, blir Joshua French mistenkt for drapet på bestevenen sin. I møte med den nedbrotne Joshua French tek filmen oss med på ei reise attende til ei gåte som har vore gjenstand for alle slags spekulasjonar. Kjent som 'Kongosaka' utviklar dei lagnadstunge hendingane i jungelen i Kongo seg til ei politisk og diplomatisk betent symbolsak som lenge ser ut til å vere uløyseleg.

10 - P - Mordene i Kongo.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
ty 20 nov 20:50 Mordene i Kongo 110 LISJESALEN 15 år Film Kjøp billett

Mordene i Kongo

ty 20 nov20:50110

Kjøp billett