Kapteinen

I dei siste desperate augneblinka av andre verdskrig kjempar ein ung tysk soldat for å overleve. Vi held til bak fronten inne i det tredje rike. Etter å ha blitt jaga som desertør, finn soldaten Herold ein etterlatt bil i det postapokalyptiske landskapet. I bilen finn han ein uniform som skal kome til å gje han ein heilt ny status. Med kapteinsuniformen følgjer det med ei makt og ein autoritet som Herold ikkje visste at han hadde smak for. Han tek på seg kapteinen sin identitet, og med det òg regimet han prøva å flykte frå...

 

Over 70 år etter 2. verdskrig står dei brutale realitetane framleis fram som uforståelege og forferdelege. I denne filmen kjem vi inn bak linjene, der tyskarane vert slakta ned av sine eigne av moralske årsaker. Innbyggjarane i det tredje rike var like vanlege som menneske i andre samfunn. Spekteret av gjerningsmenn var eit tverrsnitt av normalen i samfunnet, og ingen bestemt gruppe menneske viste seg å vere immun mot fristelsar.

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
sø 18 nov 20:30 Kapteinen 110 LISJESALEN 15 Film Kjøp billett

Kapteinen

sø 18 nov20:30110

Kjøp billett