Førdefilmen.png

Førdefilmen – Frå Sjøahola til Sjukehuset

Førdefilmen – «Frå Sjøahola til Sjukehuset» - tufta på ei sann soge
Førdefilmen gjekk sigersgang med fulle hus på kino for eitt år sidan. Suksessen inspirerte oss til å justere opp filmen med litt fleire gamle bilde, og vi har også klipt inn små snuttar frå ein utsøkt video frå 1980-talet. Historia er naturlegvis den same. Ein kjærleiksfilm til Førde levert på breitt lerret i 90 minutt.
Vi fortel Førde si historie på ein humoristisk og underhaldande måte – som ein «dokumentar» i vidaste forstand - ei lødig filmforteljing. Om Førdehuset, kyrkja og embetsmannsgardane. Om kunsten, Laksen og Torsheimen. Om hotella og handelen. Om Jølstra, jektefarten og dampskipa. Om regionsentret med flyplass under kranene på skipsverftet. Om Bystien, Langebrua og postvegen. Om lyskrysset, sykkelbyen og Sjukehuset med stor S. Om vandrehistoriene som er altfor gode til at vi torer å sjekke fakta. Kort sagt: Om det som gjer Førde til Førde.

Vi vil gi folk ein humoristisk dokumentasjon på Førde si historie gjennom 400 år. Vi vil styrke identitet og lokalkjensle. Vi vil blankpusse sjela til denne litt rare plassen som vi er så glade i. Førde!

Vi lagar ein film til glede og nytte for stadeigne Førdefolk, for dei mange tilflyttarane og for alle som vitjar Førde i arbeid, handel og fest.
Dei som er med:
Grøn Mann - hovudforteljar: Hans Jakob Reite
Mads - medforteljar: Sigbjørn Hvidsten
Ymse Førdefolk i ymse situasjonar
Filming og filmproduksjon: Espen Nyttingnes i Rakkar Filmproduksjon
«Greitt, så er Førde min heim. Og kanskje er eg litt glad i plassen. Men ikkje stolt. Før no.»
- Ivar Bruvik Sætre – (25 år) - filmmeldar i Firda