Hopp over navigasjonskoblingerFørdehuset > Førde bibliotek
Eit forventningsfullt publikum på iskremfest

Det var ein spent arrangør som laurdag 28. august tok i mot 120 barn til avslutningsfest for lesekonkurransen SommarLes på Førde bibliotek. Ville det bli plass til alle? Ville det vere nok is? Ordføraren var invitert til å dele ut hovudpremien, men ville han kome? Spørsmåla var mange, men uroa viste seg å vere ubegrunna. Det vart plass til alle. Det vart nok is. Og, ikkje minst, Ordføraren kom!! SommarLes har vore ein suksess frå start til slutt.

 

Bok til alle

Synes du bøker ofte er vanskelege å lese?

Det finst bøker som er meir tilgjengelege!

Det kan vere i form av:

Enkel tekst - lyd - mange bilete - storskrift.

 

For folk som treng meir tilrettelegging

finst det litteratur med:

Enkelt innhald - punktskrift - følebilete

symbolspråk - teiknspråk.

 

På  Boksøk.no finst det bøker for alle behov.

Les om Leser søker bok.

Kulturprogram for månaden

Kulturarrangement i Førdehuset denne månaden finn du her. Filmar på Kino Førde, arrangement, utstillingar og info. frå Førde bibliotek. Oppdatering av programmet skjer fleire gonger i månaden.

Kulturprogram for Førdehuset . Følg lenka for å lese siste utgåva av kulturprogrammet i pdf-format. Du kan også bla deg gjennom Kulturprogrammet for Førdehuset - klikk les meir.

Soppbok

August og september er høgsesong for frukt og bær. No kan vi hauste sunne og gode råvarer som er kjekke å ha utover vinteren. På biblioteket kan du finne oppskrifter og få nye idear. Vi har bøker om safting og sylting, vinlegging og likørar, urter, sopp og mykje meir! 

 

Det er eit veldig godt soppår denne hausten. Truleg på grunn av ein heller fuktig sommar. Det er viktig å vere heilt sikkert på den soppen du plukkar og tilbereder. Du kan få meir informasjon på Norges sopp - og nyttevekstforbund sine heimesider.

 

Bokillustrasjon

Konkurransen er avslutta og oppteljinga syner ein fantastisk innsats. Førdebarn i alderen 6 til 13 år har lese heile 254.000 sider i sommar.

Primstav som symbol for merkedagar.

8.september: Marimesse om hausten ( Den andre)/ Vår Frue dag.  Jomfru Marias fødselsdag.  Godt ver denne dagen skulle tyde på at ein fekk ein god haust.

Primstavmerket er ei saks som symboliserte at sauene skulle klippast, ein stor M eller  ei krone.

Bibliotek_1

Førde bibliotek er i Førdehuset. Biblioteket har ope 6 dagar - 41 timar i veka, og har eit mangfaldig tilbod  for store og små av kunnskap og oppleving. 

Tilbake
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Lag PDF
På eiga hand

Førde bibliotek

E-post:

Biblioteket spør deg:
Kvifor er du på biblioteket?
 
Alternativ:






Bilete frå biblioteket
Barneavdelinga
Barneavdelinga
Dagens gullkorn frå biblioteket
 
  Tvil er ein nødvendig føresetnad for kunnskap.
  -Paul Tillich

Kontaktinformasjon
_
_
Kultur
Førdehuset, Angedalsvegen 5
Postboks 338
6802  Førde
 
E-post : kultur@forde.kommune.no
 
 
Telefon : 57 72 19 00
Faks : 57 72 19 09
Org.nr. : NO 963923511 mva
Mva.nr. : NO 963923511 mva
Kontonr. : 3700 07 00720
Kommunenr. : 1432
_
Opningstid : Opningstider - Førdehuset: Mån - fre: 08.00 - 21.00, laurdag: 09.00 - 18.00, søndag: 12.30 - 21.00. Symjehallen og biblioteket har eigne opningstider
Førde kommune - Kultur, postboks 338, 6802 Førde. Besøksadresse: Førdehuset, Angedalsvegen 5 kultur@forde.kommune.no